Om SigveSaker [Til forsida]

Utsegn om Personvern er samla i eigen seksjon nederst.

Firmaet SigveSaker har som mål å tena "kristen-Noreg". Dette forsøker me hovudsakleg å gjera ved å utgje elektroniske kristne bøker som kan hjelpa kristne i deira daglege teneste i Guds rike. Det er forsøkt å dekka så mange behov som råd, men utrustinga av lekfolket blir ofte tillagt litt større vekt.

Deler av overskuddet av dette arbeidet har til no vore brukt til å støtta Bibel-arbeid i muslimske land. Saman med gåver har det blitt over 5,6 millionar kroner. Me deler også ut mindre DataBibel-utgåver gratis. Det vart over 50 tusen på diskett og via Internett, før me slutta å telle. Sjå under Nedlasting om du vil lasta ned ein.

I ny og ne blir me kontakta av folk som ynskjer å gje ei gåve, til dømes av di dei bruker gratisversjonen. Dei kan sende ein valfri sum til Guds Ord til Østen, konto 0530.49.70059.

Me bruker ein del frivillig dugnadsarbeid for å kunna legga inn stadig meir i DataBibelen, utan å måtta auka utsalgsprisen. Ta gjerne kontakt dersom du kan tenka deg å vera med på å skanna eller korrekturlesa tekstar.

SigveSaker har hatt filer liggande til gratis nedlasting sidan 1994. Filene ligg for tida på http://www.SigveSaker.no.

SigveSaker
Granneshagen 24
4044 Hafrsfjord
Tlf 4860 4130
databibelen@sigvesaker.no
Org.nr NO 969 940 213
Konto 3705.04.89966


Personvern

Dette er kunngjeringa om personvern for SigveSaker.

SigveSaker har ei vanleg liste med kunder og andre interesserte. Der står normalt bare kontaktinformasjon og kva folk evt har kjøpt.

Ingen av SigveSaker sine dataprogram sender automatisk data frå brukarane til SigveSaker. Brukaren kan sjølv velge å sende inn informasjon frå dataprogramma, t.d. i samband med feilsøking. Dette er teknisk informasjon, ikkje personleg.

All informasjon i SigveSaker er lagra bak ein brannmur, og er vidare i ukurant dataformat eller bak passord. Då me ikkje lagrar kommersiell interessant informasjon, vurderer me dette som sikkert nok.

Informasjonen er sjølvsagt bare for bruk i SigveSaker. Me har aldri solgt han vidare, og har heller ingen planar om å gjere det.


Tilbake til forsida